Politikken
Arbeiderpartiet for Alver 2023-2027
Dei store oppgåvene løyser vi best saman!
Arbeidarpartiet vil ha et Alver for alle, med små skilnader og like mogligheter. Vi vil at kommunen skal ha gode tenester, slik at alle kan leve trygge og aktive liv. Vi vil ha eit Alver som stiller opp for innbyggarane sine, og som spell på lag med næringsliv og frivillighet. Dei avgjerdene vi tek i dag, må vere gode både for i dag og for framtida.
Ta heile kommunen i bruk og leggja til rette for vidare vekst og utvikling
Arbeida for å byggja Nordhordlandstunnelen
Arbeida for å auka talet på snøggbåtavgangar.
Leggje til rette for e-sport
Innføra søskenmoderasjon ved overgang mellom barnhage og SFO
Innføra fleire teljetidspunkt i barnehagane
Arbeida for å hindre konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenester
Sikre at barn og unge har eit lågterskeltilbod for å førebyggja psykiske og sosiale utfordringar
Auke frå minst to til minst tre lærlingar per 1000 innbyggjar i kommunen
Seia nei til vindkraftindustri på land, med unntak for mindre anlegg i større eksisterande industriområde
Arbeida for å auke talet på miljøarbeidarar og helsesjukepleiarar i skulen, og etablere ein strategi for miljøarbeid i skulen
At Alver kommune skal ha ei aktiv rolle i mangfalds- og integreringsarbeidet.
Stimulera til varierte yrkesmoglegheiter og fleire lærlingplassar innan ulike næringar
Styrka kulturskulen og arbeide for at fleire får plass og alle skal få tilrettelegginga dei treng for å kunna delta uansett bakgrunn
Innføra kunnskapsheving på tidleg kartlegging for born med utfordringar og tidleg hjelp på tvers av alle instansar
Gjøre bind og tampongar lett tilgjengeleg på ungdomsskulane i kommunen, gratis.
Gjøre det enklare å komme inn på bustadsmarknaden gjennom etablering av springbrettbustadar og «leige til eige»
Oppretta eit utviklingsfond for bedrifter som vil satsa på grøn omstilling
Byggja eit regionalt kulturhus i Knarvik innan 2030
Arbeida for å byggja Alverbadet
Nyfiken? Sjå heile programmet vårt som sei kva vi ønskjer for Alver kommune dei neste fire åra.
-
Alver for barn og unge
Ein god oppvekst varar livet ut