Politiske møter hausten 2020

Hei!

Styret i Alver AP ønskjer å informere om politiske møte hausten 2020. På heimesida til Alver kommune, under politikk og høyringar, finn de møtekalender for kommunestyret, formannskap og dei ulike utvala. Sakspapira vert lagt ut på heimesida til Alver kommune ca ei veke før møtedato. 

Måndag i møteveka har AP si kommunestyregruppe møte der dei går gjennom sakslista. Under vanlege omstende ville desse møta vore opne for medlemmene.  Slik situasjonen med corona er no, er ikkje dette mogeleg. Så snart dette endrar seg, vil møta verte opna for dykk alle.

Styre vil informere dykk om endringar. 

Ver snill å ta kontakt med kommunestyregruppa dersom de har spørsmål/innspel til saker som skal opp i dei ulike møta. Gruppeleiar er Øyvind Oddekalv tlf. 91317450

Helsing styret i Alver AP v/ Astrid Namtvedt Sylta (leiar)