Nytt styre i Alver Arbeidarparti!

Alver arbeidarparti hadde digitalt årsmøte på Microsoft Teams, sundag 24. januar 2021, med godt frammøte. Førstekandidat på stortingslista til Arbeiarpartiet i valkrins Hordaland, bergensordførar Marte Mjøs Persen, hadde politisk innleiing. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene var det vedtatt uttalar, mellom anna "Fjern kvikksølvet ved Fedje", "E39 Vågsbotn-Klauvaneset må realiserast så snart som mogleg", "Tilpassa tilbod til familliar med kronisk sjuke barn, og ein uttale om fornybar energi. Are Nygård frå Flatøy vart samrøystes valt til ny leiar for kommunepartiet. 

Avtroppande leiar, Astrid N. Sylta, er med i fortsettjinga, som varamedlem. Det nye styret er samansett slik: 

Are Nygård, leiar, 

Margrethe Aven Storheim, nestleiar

Åse Nina Sudmann, Sekretær

Pål Inge Fosse Hopland kasserar

Silje Strand Skauge, kvinnepolitisk ansvarleg

Pål Adiran Ryen, medlemsansvarleg

Øyvind Nordbustad, medlem

Anne Grete Eide, medlem. 

Astrid N. Sylta, varamedlem, 

Per Terje Engedal, varamedlem

Kirsti Gjetle Floen, varamedlem

Jostein Borlaug, varamedlem